Alle barn i Vinje får plass i ein av dei fire kommunale barnehagane. Vinjebarnehagen legg til rette for godt samarbeid på tvers av barnehagane, slik at me kan lære av kvarandre og utveksle gode idear og erfaringar tilpassa barnas beste.
Samarbeid og relasjonskompetanse mellom trygge vaksne, og fokus på god kommunikasjon med barna og heimane, er grunnleggjande for våre pedagogiske metodar. Alle fire barnehagane har gode leike- og læingsmiljø inne og ute, og er omkransa av flott natur. Det er tilsett matfagleg ansvarlege i alle barnehagane, for å sikre god ernæring, fellesskap og utjamning av sosiale skilnader.
I Vinjebarnehagen skal barn få vera barn, saman med trygge, kompetente og varme vaksne som er tett på.