Vinjeskulen skal vera ein god plass å vera, og ein god plass å lære for alle.
I Vinje ynskjer me å gje så like tilbod som mogleg, uansett kva for skule du er tilknytt som elev eller forelder. Skulane samarbeider tett, med gode rutiner og planar. Me lærer av kvarandre, og har alltid eit ynskje om å utvikle best mogleg praksis som treff flest mogleg.
Alle våre elevar får gratis skulemåltid kvar dag, som eit tiltak for god folkehelse og utvisking av sosiale skilnadar. Hovudmålet vårt er livsmeistring og trivsel, som skal ruste alle elevar med ulike føresetnader til eit godt liv vidare. Saman med føresette ynskjer me å lage gode rammer rundt elevane, og byggje trygge barn som har evne til å ta gode val.
Skulane har gode undervisningslokale og flotte uteområde. Alle skulane i Vinje har god vaksendekning, og samarbeider godt med skulehelsetenesta, kulturavdelinga, barnevern og alle andre i laget rundt barna. Dei siste åra har me hatt auka fokus på å gjera skulekvardagen meir praktisk retta og individtilpassa. Praktisk-estetiske fag har gode føresetnader i Vinjeskulen.