Kvart år delar Vinje kommune ut kultur- og idrettsstipend. Kvar av dei på kr 25.000.

Vinnar av Idrettsstipendet 2019 er Halvor Trondssønn Hove frå Møsstrond.

Halvor går 2.året på vidaregåande i Bø, Toppidrett skiskyting. Han har drive aktivt i 8 år og delteke i mange renn, både i kretsen og på nasjonalt nivå. Hove er tilknytt Team TeVe som består av løparar frå Telemark og Vestfold. Han kan syne til mange gode resultat, mellom ana var han blant dei 30 som kvalifisera seg til finalen i Norgescupen, i si klasse.

Me ynskjer Halvor lukke til vidare i skisporet, og gratulerer med stipendet!