Edland skule ligg øvst i Vinje nær Haukelifjell og Bykleheia. Edland skule er ein 1–10 skule med 83 elevar. Skulen arbeider for eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø der elevane skal oppleve meistring og trivsel. 

Skulen har som mål å ha lærande og inkluderande fellesskap for alle elevar. Me arbeider for eit positivt elevsyn: «Barn er ikkje vanskelege, dei kan ha det vanskeleg». Me har fokus på implementering av LK20 og brukar ulike prosjekt / verktøy som er felles for alle skulane i Vinje, som til dømes; «Liv og røre» - aktiv læring, «Eg er meg og du er deg» - nærværs trening og desentralisert kompetanseutvikling. Skulen har klasseleiing og lesing som satsingsområde lokalt. 

Fagarbeidar/assistent  

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, utdanning og erfaring frå liknande arbeid.

Arbeidsoppgåver 

  • Assistent i skulefritidsordninga
  • Assistent i skule med einskildelevar / grupper / klasser
  • Skulematordning

Kvalifikasjonar 

  • Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Annan utdanning retta mot elevar i skulen vert også vurdert
  • Erfaring frå liknande arbeid i skule / SFO kan kompensere for utdanning

Personlege eigenskapar 

  • Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson
  • Du tek initiativ til nye arbeidsmåtar
  • Du har fokus på elevane sine moglegheiter for læring 
  • Du er fleksibel, omstillingsdyktig og finn løysingar 
  • Du er strukturert og overheld tidsfristar 
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar 
  • Du tek ansvar og er profesjonell 
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 

Me tilbyr

  • Løn etter avtale 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Ein interessant og utviklande jobb i eit godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Nyutdanna får rettleiing 

Generell informasjon 

  • Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få tilsetjing 
  • Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden 
  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova §25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å blir ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til fylgje, vert søkjaren varsla om dette 
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet 

Søknaden må bli sendt på elektronisk skjema. Lenke til skjema finn du her

Velkomen som søkjar!