Offentlege verksemder som brukar nettløysingar frå tredjepartar i privat sektor må lage tilgjengeleghetserklæringar for desse. 
Dette gjeld både om verksemda betalar for løysinga, eller om det er ei gratis løysing som er open for alle. 
Me er i dialog med leverandørane av våre tredjepartsløysingar for å få deira uttale om løysinga er universelt utforma. 

Brukaren

Tilgjengelegheitserklæringa er fyrst og fremst til for brukaren. Den viser brukaren i kva grad ein nettstad er universelt utforma. Brukaren får informasjon om brot på krava, kva utfordringar det fører til og forklaring på kvifor verksemda ikkje følgjer regelverket. 
 

Verksemda

Tilgjengelegheitserklæringa vil sørge for at verksemda set seg inn i krava og har eit bevisst forhold til om ein følgjer regelverket eller ikkje. Å få opp status hjelper verksemda å prioritere universell utforming. Via tilbakemeldingsfunksjonen får verksemda tilbakemeldingar frå reelle brukarar om kva problem og utfordringar dei møter. Verksemda skal svare brukaren og bruke tilbakemeldingane dei får til å forbetre universell utforming og auke etterlevinga av krava.

Våre tredjepartsløysingar: