Er kvardagen krevjande? Strever du med tunge og triste tankar? Føler du deg nedstemt? Står du i ei livskrise? Opplever du at stress, uro, søvnvanskar og bekymringar overveldar deg eller gjer det vanskeleg å fungere? Hos oss kan du få hjelp utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg.

Kven kan nytte seg av tilbodet?

Rask Psykisk Helsehjelp er eit lågterskeltilbod til deg over 16 år busett i Vest-Telemark, med symptom på mild til moderat depresjon, angst, søvnvanskar og begynnande rusproblem. Tilbodet er gratis. Du tar sjølv kontakt, utan tilvising frå fastlege.

Tilbodet bygger på kognitiv terapi, som er ein godt dokumentera behandlingsmetode for psykiske vanskar.

For å ha god nytte av tilbodet er det viktig med eigeninnsats mellom behandlingstimane.

Me har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.

Me er ingen akutteneste. Ved behov for akutt hjelp må du kontakte fastlegen din, legevakta 116 117, eller ambulanse 113.

 

Til deg som er i målgruppa tilbyr me:

Illustrasjonsfoto: Tilbod innanfor RPH

Illustrasjonsfoto: Tilbod innanfor RPH

Dei fleste vil få tilbod om kurs eller Assistert Selvhjelp. Nokon kan i tillegg ha behov for kortvarig behandling i gruppe eller individuelt. Saman bestemmer me kva for tilbod som vil passe deg.

Undervisningsbaserte kurs:

Les meir om kurset “Er det berre meg?” her. 

Kven er me?

Rask Psykisk Helsehjelp er eit tverrfaglig samansett team i Vest-Telemark med brei og god kompetanse. Alle har lang erfaring frå å jobbe med psykiske helseutfordringar i kommune- og spesialisthelsetenesta. Alle tilsette har vidareutdanning i psykisk helse/rus og kognitiv terapi.

Tilsette i teamet:

  • Anne Lise Storkaas Forberg – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Marika Alva Bjørge – psykolog/kognitiv terapeut
  • Toril Aasmundstad – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Ingunn M. D. Birkeland – sjukepleiar/kognitiv terapeut
  • Eva Margrethe Ellingsen – sosionom/kognitiv terapeut

    Kontoradressa vår er i Seljord, men me disponerer kontor i alle kommunane i Vest-Telemark. Me har og moglegheit for videokonsultasjonar.