Kulturårshjulet er ei stønadsordning som går over tre år. 
Det er vanlegvis 10 - 15 prosjekt/tiltak som får stønad.

Formålet med årshjulet er å sikre økonomien til dei som er med, med faste rammer. Stønaden skal blir brukt til honorar, reise og diett til aktørar i høve tilskipingar. Denne ordninga erstattar delar av den gamle Rikskonsertstønaden og knyter til seg målsettingar i den nye Kulturlova.

Kulturårshjulet dekker ikkje mat på tilskipingar, husleige eller løn til tilskipar.

Kulturårshjulet skal sikre tilskipingar gjennom året på ulike plassar i kommunen og hindre at tilskipingar skjer samstundes. Ein prioriterer tiltak som gjeld barn og unge.

Dei laga som får stønad frå Kulturårshjulet forpliktar seg til å møte på evalueringsmøter og å vera referansegruppe i høve søknader som gjeld kulturstipend. Ved utlysing av tilskipingar må det gå fram at det er støtta av Vinje kommune. De må og legge ut informasjon på «Kva skjer i Vest Telemark» da dette kjem fram på kommunen si heimeside.

Kulturårshjulet har eit budsjett på kr. 250.000.-