Småskuletrinnet

1.-2. trinn går på skulen fire dagar i veka, dei har fri på torsdag.  3.-4. trinn går på skulen fem dagar i veka, dei har fri torsdag i oddetalsveker.   Me satsar på uteskule, lesing i alle fag og eit godt og  inkluderande læringsmiljø i alle fag.

SFO er for 1.-4. trinn.

Mellomtrinnet

5.-7. trinn går på skulen kvar dag, men har fri torsdag i oddetalsveker. 
(7. klasse er på skulen kvar 6. torsdagar der dei har naturfag).  7. klasse er på leirskule kvar vår i veke 22.  
Me har kvart år leseprosjekt og arbeider for eit godt og inkluderande læringsmiljø i alle fag.

Ungdomstrinn

8.-10. trinn går på skulen kvar dag.  Dei har kortare friminutt enn mellomtrinnet. Ungdomsskulen har i år valfaga innsats for andre  og natur og miljø – Jegerprøva.   8. klasse er på vinterleirskule til Songa kvar vinter. 10. klasse er til Polen tidleg på hausten, der ein sjølvsagt del av dette er inkluderande skulemiljø.