Kommunal straumstøtte for næringslivet - søknadsfrist 17. mai 2022
Verksemder som har hatt ekstraordinært store straumutgifter kan søke om støtte frå ei kommunal støtteordning. Ordninga omfattar straumutgifter i perioden 1. desember 2021 til 31. mars 2022. Den totale ramma for ordninga var i utgangspunktet på 3 millionar kroner. Etter at ramma nesten vart brukt opp etter første søknadsrunde (for desember), har ordninga blitt tilført ubrukte midlar på omtrent 2 millionar kroner frå støtteordninga knytt til koronapandemien. Ordninga er no open for søknader om støtte for straumutgifter i januar, februar og mars 2022.
Verksemder skal fyrst nytte eventuelle andre statlege ordningar til same føremål. Verksemder som har fått annan kommunal støtte til straumutgifter, må gje informasjon om dette i søknaden.
Grunnlag for utrekning av støtte er forbruk i kilowattimar (kWh) og differansen mellom straumprisane i perioden og snittet av historiske prisar i tilsvarande periodar i 2017-2020. Prisar blir henta frå Nord Pool. Støtte vil vere avgrensa av rammene sett i EØS-regelverket om bagatellmessig støtte på 200 000 euro over tre år. Nedre grense for støtte er på 5 000 kroner.
Kommunen har lagt opp til separate søknadsrunder for kvar månad i perioden. Verksemder som ikkje når den nedre grensa på 5 000 kroner i fyrste runde, vil få utbetalt støtte etter kvart som dei eventuelt når denne grensa i seinare søknadsrundar. Kommunen tar atterhald om at søknadsrundar kan bli avlyst dersom søknadar om støtte når den totale ramma på 3 millionar kroner. For desember og januar kom det inn mange søknadar om støtte. Kommunen handsamar no desse, og vil komme med informasjon om utbetaling og eventuelle nye søknadsrundar så raskt som mogleg.
Ordninga omfattar verksemder som driv næring (inkludert landbruk) som har organisasjonsnummer med forretningsadresse i Vinje kommune. Dotterverksemder med eige organisasjonsnummer og eige rekneskap, men med hovudkontor i ein annan kommune, kan også søkje. Etter at regjeringa i februar kom med ei statleg ordning for frivillige organisasjonar (sjå eige avsnitt på denne sida), har desse blitt tatt ut av den kommunale ordninga.
Søknader blir handsama av kommuneadministrasjonen/rådmannen.
Slik søkjer du
- Gå til søknadsskjema på www.vinjenett.no
- Søknaden skal innehalde ein del opplysningar om verksemda, samt straumforbruk i kilowattimar (kWh).
- Vinje kommune kan be om utvida dokumentasjon, for kontroll.
Kommunalt næringsfond
For å stimulere til næringsutvikling kan kommunen gje økonomisk støtte til einskilde verksemder og næringsprosjekt. Søknadar blir handsama politisk.
Fast tilskot til reiselivs- og næringsutvikling
Dei tre næringslaga i kommunen (Rauland, Vinje/Øyfjell og Haukeli/Vågslid) får ei årleg støtte frå kommunen til å drive reiselivs- og næringstuvikling. Tilskotsordninga er utforma som ei behovsprøvd ramme, med krav til eigenandel.
2022 | 2023 | F.o.m. 2024 | |
Rauland Turist AS - støtte totalt | 1 970 000 | 1 500 000 | 1 500 000 |
Tilskot husleige turistkontor |
220 000 | ||
Sal av aksjar |
250 000 | ||
Tilskot reiselivs- og næringsutvikling |
1 500 000 | 1 500 000 | 1 500 000 |
Eigenandel | 65% | 60% | 55% |
Vinje næringslag - støtte totalt | 1 050 000 | 1 000 000 | 1 000 000 |
Tilskot husleige turistkontor |
50 000 | ||
Tilskot reiselivs- og næringsutvikling |
1 000 000 | 1 000 000 | 1 000 000 |
Eigenandel | 25% | 25% | 30% |
Haukeli næringslag - støtte totalt | 1 050 000 | 1 000 000 | 1 000 000 |
Tilskot husleige turistkontor |
50 000 | ||
Tilskot reiselivs- og næringsutvikling |
1 000 000 | 1 000 000 | 1 000 000 |
Eigenandel | 25% | 25% | 30% |
Kommunal støtte totalt | 4 070 000 | 3 500 000 | 3 500 000 |
For å få tilskot må næringslaga/destinasjonsselskapa legge fram ein plan som skisserer tiltak, inkludert kostnader/inntekter og finansiering. Tiltaka må vere innanfor vedtekne planar, føresegner, lovar og reglar. Kommunen vurderer og tilrår tilskot administrativt, innom løyvde rammer. Næringslaga/destinasjonsselskapa må dokumentere bruken av tilskotet i etterkant.
Telemark utviklingsfond
Telemark utviklingsfond vart etablert i desember 2009. Fondet skal være eit verkemiddel for å skape og underbygge ei positiv befolkningsutvikling og næringsutvikling i alle delar av det som utgjer Telemark fylke på det tidspunktet fondet vart oppretta. Fondet skal særleg støtte utviklingstiltak i næringssvake kommunar og kommunar med folketalsnedgang. Fondet byggjer på eit grunnleggande prinsipp om berekraftig utvikling.