Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er sentra i attraktive turistområde, der ein av landets mest omfattande hytteutbygging har funne stad gjennom fleire år.

Inntektene frå den store kraftproduksjonen i Vinje har gjort det mogleg å utvikle eit høgt nivå på den kommunale tenesteytinga - ikkje minst innanfor skule, helse og omsorg.

Vinje blei Noreg sin kulturkommune i 2009 ,og har vore Kulturkommunen i Telemark 3 gonger.

Vinje nasjonalparkkommune

Hardangervidda nasjonalpark er fordelt på sju kommunar. Vinje er ein av desse. Hardangervidda nasjonalpark er 3.422 km2.

Les meir om nasjonalparkkommunar her

Geitebukken i kommunevåpenet til Vinje kommune

Geitebukken er valt som motiv i kommunevåpenet til Vinje av fleire grunnar:

  • Bukken har for oss dei mjuke verdiane som m.a er skildra i Aasmund O Vinje sitt dikt, Blåmann - ein kjær og mykje brukt barnesong, med undertonar som skildrar tilknyting til dyr og menneske ein er glad i.
  • Biologisk er geita smidig, lite kravstor og ikkje minst eit kraftsymbol - dette kan i overført meining symbolisere Vinje sitt energioverskot, som er viktig inntektskilde for kommunen.
  • Topografisk er Vinje ein fjellkommune, og geita har høyrt til, mest i alle grendene opp i gjennom åra - særleg vil ein assosiere geiteflokkane med høgfjellsnaturen. Turistane er opptekne av den kjælne, litt lure geita, som er eit populært fotomotiv. Det er noko humørfylt over geita også.
  • Estetisk er geitebukken dekorativ med kvasse liner i hakepartiet, og dei runde kraftfulle bukkehorna.
  • Samlingspunkt. Geita vert lika av så vel born som vaksne. Det er ikkje noko kontroversielt i symbolbruken i høve tid, genrasjon eller tru. Det ville vera rart om ikkje dei fleste kunne trivast med geita som eit kommunesymbol.