Vinje kommunen skal satse på, og medverke til nye bustadløysingar som kan møte innbyggjarane sine individuelle behov, og støtte brukarane til å klare seg i eigen bustad.  Fleire skal kunne bu lengre heime med nedsett funksjonsevne, og utsette behovet for institusjonsplass.

Dette kan og lette tilgjenge til bustadmarknaden for fyrstegongsetablerarar med bustader som blir ledige som fylgje av tilflytting i aldersvenlege sentrumsnære bustader.

Kven er dette tilskotet for

  • Deg over 60 år og som bur meir enn 5 km frå heimetenestekontoret i Haukeli, Åmot eller Rauland, eller har utfordringar som gjer det vanskeleg å bu og motta tenester i din noverande bustad.
  • Eit stimuleringstilskot til bustadsal skal hjelpe deg over 60 år som eigar av ein bustad til å flyta inn og eige eller leige ein sentrumsnær, aldersvenleg bustad med livsløpsstandar.

Retningslinene og søknadsskjema for dette tilskotet finn du i boksen under her, som heiter skjema: