Vassregion Vestfold og Telemark består av ti vassområder, og dekkjer vassdraga Numedalslågen, Skiens- Farris-, Auli- og Kragerøvassdraget og tilhøyrande kystområder fordelt på ti vassområder (sjå kartet under). Vassregionen strekkjer seg frå Hardangervidda i nord til Oslofjorden i søraust.
Vassregionen er organisert med ein politisk styringsgruppe, arbeidsutval og referansegruppe. Vidare er dei ti vassområda organisert med eigne styrings- og arbeidsgrupper i tillegg til at det er tilsett eigen vassområdekoordinator. Vestfold og Telemark fylkeskommune er vassregionmyndighet og er ansvarleg den regional vassforvaltningsplanen. Vassforvaltningsplanen syner kva som er miljømåla for åra 2022-2027 for å sikre heilskapleg beskyttelse og bærekraftig bruk av vatnet, og kva tiltak som føreslås for å beskytte, forbetre og rette opp att vassmiljøet for å nå måla som er satt.
Klikk her for å sjå den regionale planen
Vinje kommune er knytt til følgjande vassområder i Vestfold og Telemark vassregion
- Tokke-Vinje vassområde
- Aust-Telemark vassområde
- Midt-Telemark vassområde
Vidare har Vinje kommune mindre areal innanfor dessa
- Ryfylke vassområde i Rogaland vassregion
- Otra vassområde i Agder vassregion
Link til Vann-Nett (tilstand/kvalitet på alle vatn og vassdrag)
Link til VannPortalen (planar, informasjon mm)
Tokke-Vinje vassområde
Overvåking av elvar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2022
Overvaking av elvar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2021
Overvaking av elvar og innsjøar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2020
Overvaking av elvar og innsjøar i Tokke-Vinje vassområde - rapport 2019
Fiskebiologisk undersøking i Tveitevatn og Grungevatn i Vinje kommune