Kommunen kan gje avlasting i form av heimehjelp, dagtilbod eller avlastingsopphald på sjukeheim. Avlastinga skal gje deg rom for normal fritid, høve til å reise på feriar og tid til å halde fast ved det sosiale nettverket ditt.

Vilkåra er at du skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta ein kan ta omsyn til, er desse:

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting. Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg. Ta kontakt med tildelingskontoret dersom du treng hjelp til å søkje.

Tenesta er gratis.