Informasjon og søknad om tilknyting til offentleg vass- og avløpsanlegg

For tilknyting til offentleg vass- og avløpsanlegg gjeld abonnementsvilkåra for vatn og avløp, administrative og tekniske føresegner som kommunen har vedteke. Desse vilkåra gjeld både for eksisterande og nye abonnentar, uavhengig av om abonnenten har skrive under ei erklæring om å overhalde vilkåra eller ikkje.

Søknadsskjema finn du her

Private vassverk

Etter "Drikkevassforskrifta" skal vassverk godkjennast av Mattilsynet om det er fleire enn 20 husstandar/hytter eller 50 personar knytt til vassverket.

Om du har spørsmål, ta kontakt med Mattilsynet -  Distriktskontoret for Midt- og Vest-Telemark.

Private avløpsanlegg

Private avlaupsanlegg skal godkjennast av Vinje kommune, kommunen har vedteke ny føresegn om utslepp frå private avlaupsanlegg. 

Føresegna finn du her: Privat avlaupsanlegg - forskrift om utslepp av sanitært avlaupsanlegg frå bustadhus, fritidsbustadar og liknande i Vinje kommune

Kloakk og septik

Det er Teknisk drift og infrastruktur (TDI) som har ansvar for kloakknettet.

Vinje kommune driftar desse reinseanlegga:

  •  Åmot reinseanlegg
  •  Rauland reinseanlegg
  •  Haukeli reinseanlegg
  •  Vågslid reinseanlegg
  •  Vinjar Biovac anlegg

I tillegg har TDI drifta av felles avlaupsanlegg i Arabygdi, Vesaas og Øyfjell.

Slamtøming

Renovest har ansvaret for innsamling, transport og handsaming av septik og slam

Hytter skal tømast kvart 4. år - tankane vert tømt i 2022, 2026 osv. Dersom tank må tømast tidlegare, vert det ekstra kostnad.

Tankar med 3 kammer og volum på 4 m3, kan få tøming kvart 2. år, mindre tankar og dei som ynskjer tøming oftare, kan få årleg tøming.
Slamgebyr blir fakturert det året det vert tømt. 

Du kan lese meir om tøming av slamskiljar i forskrifta  § 23 - Tøming av slamskiljar mv.

Vassmålar og vassmålaroppgjer

Du har har høve til å installere vassmålar - meir informasjon om vilkår m.m. finn du her, under føresegna kap. 4.

Me køyrer akonto vassmålaroppgjer. Det vil sei at du forskuddsbetalar beløp som fordelast over kvar termin, ut frå eit venta forbruk.
Det venta forbruket er fastsatt ut frå tidligare forbruk, avlest eller stipulert. I vassmålaroppgjeret avreknast det venta forbruket mot det verkelege forbruket avlest på vassmålar.

Vassmålaroppgjeret frå det året som har vore, blir fakturert på faktura i februar inneverande år.

Her fylgjer ei lita forklaring på varelinene i oppgjeret:

  • Avløpsmenge reknast lik vassmengde.
     

Vatn etter målar / avløp etter målar

  • Dette viser det verkelege forbruket frå førre år, ut ifrå avlest målar.

Akonto vatn / akonto avløp

  • Dette viser kva du har forskotsbetalt i løpet av førre år (akonto), og som avreknast mot kva det verkelege forbruket var. Dersom du har brukt meir vatn enn kva som er forskuddsbetalt vil differansen belastast på faktura, dersom du har brukt mindre vatn, trekkes differansen frå fakturaen.

Forbruk vatn akonto / forbruk avløp akonto

  • Ny akonto (forskuddsbetaling) for inneverande år, blir fastsett ut frå førre år, og vil bli avrekna på neste årsoppgjer.

Fastgebyr vatn / fastgebyr avløp

  • Dette er eit årleg fastgebyr(abonnementsgebyr) for vatn og avløp, som fordelast over terminfakturaer.

Me håpar dette var til hjelp. Har du spørsmål, kan du ta kontakt med oss på telefom 35 06 23 00 eller send e-post til postmottak@vinje.kommune.no