Kommunen si oppgåve er å:

  • Ha ei oversikt over kva farar som kan trua liv og helse, miljø, og kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar i kommunen, og arbeide for å redusere risikoen gjennom risikoreduserande tiltak
  • Ha ei oversikt over kva lokale offentlege, friviljuge og private ressursar som er tilgjengelege, og utarbeide koordinerte beredskapsplanar for å handtere ulukker og kriser

Beredskapsarbeidet bygger på fire grunnleggande prinsipp

Ansvarsprinsippet:
Den organisasjon som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, har også ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området.  

Likskapsprinsippet:
Den organisasjon ein opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vere mest mogleg lik den organisasjon ein har til dagleg.

Nærleiksprinsippet:
Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogleg nivå.

Samvirkeprinsippet:
Styresmakter, verksemder og einingar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.

Beredskapsplanar

For å kunne handtere desse oppgåvene effektivt har Vinje kommune utarbeida beredskapsplanar. 
Dette er både overordna plan og detaljplanar. Beredskapsplanane er bygd på informasjon som er avdekka gjennom kommunen sin heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse.

Kriseleiing

Når større ulukker eller kriser oppstår i Vinje kommune er det rådmannen som er leiar av den kommunale kriseleiinga. 
Rådmannen vil då vurdere å omprioritere dei kommunale ressursane, og å setja i verk dei tiltaka som er nødvendige for handtere situasjonen. Dette arbeidet blir gjort i samarbeid med naudetatane, der politiet har ansvaret for å koordinere arbeidet med å ivareta liv og helse, og kommunen tilsvarande for miljø, kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar.

Ved behov for evakuering kan politiet pålegge kommunen å oppretta eit evakuerings- og pårørandesenter (EPS).

Kriseleiinga består av:

  • Rådmann Jan Myrekrok
  • Ordførar Jon Rikard Kleven
  • Organisasjonssjef Margit Elise Karlsen
  • Helse- og omsorgssjef Kari Dalen
  • Kommuneoverlege Marius Opsahl
  • Teknisk sjef Åge Verpe
  • Plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik

Psykososialt kriseteam

Ved mindre omfattande hendingar kan kommunen sitt kriseteam aktiverast.