Dersom du har smerter og / eller nedsett funksjon kan du få oppfylgjing av ein fysioterapeut i heimen, på helsestasjon, barnehage, skule, institusjon eller på fysikalske institutt.

Fysioterapeutane arbeider også i Friskliv og Meistring i kommunen.

Tenesta tilbyr:

  • Undersøking og diagnostisering
  • Funksjonsutgreiing og motorisk vurdering
  • Tilrå og fylgje opp tiltak
  • Behandling
  • Gruppetrening
  • Rettleiing, informasjon og undervisning

Dersom du ynskjer hjelp frå ein fysioterapeut kan du sjølv ta kontakt med oss utan tilvising frå lege eller anna helsepersonell. Fastlegen din, sjukehuset eller andre kommunale instansar (for eksempel heimetenesta eller skulehelsetenesta) kan også kontakte oss på dine vegne, dersom du gjev fullmakt til dette.

I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ei driftsavtale med kommunen.

Fysikalske institutt (driftsavtaler)

Åmot: 
Marit Vestgård (allmennfysioterapeut, lymfødem, barnefysioterapeut)
Nils Albert Aamand (allmennfysioterapeut, nålebehandling, aktiv A)

Besøksadresse: Vinjevegen 212, 3890 Vinje

Edland:
Nils Albert Aamand (allmennfysioterapeut, nålebehandlng, aktiv A)

Besøksadresse: Storegutvegen 49, 3895 Edland.

Rauland: 
Marit Svenning Berg (allmennfysioterapeut, psykomotorisk fysioterapeut, aktiv A)

Besøksadresse: Brendeberg 1, 3864 Rauland.

Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos fysioterapeut eller manuellterapeut.

Gjeldande eigenandel finn du her. Når dette beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort frå Helfo i posten. 
Du kan logge inn på Helsenorge for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg.

Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut. 

Dette gjeld:

  • born under 16 år
  • personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i førstegangsteneste i Forsvaret)

Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut for å få dekt utgifter til fysioterapi.