Bruk søknadsskjema blankett 5168, samt andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Endringa må skildrast, og det må ligge ved oppdateringar av aktuelle vedlegg (døme teikningar, kart, ny nabovarsling, nye/endra erklæringar om ansvarsrettar, oppdatert gjennomføringsplan osb.).

Er det under bygging utført ikkje-søknadspliktige endringar, må det ligge ved oppdatert dokumentasjon ( døme: situasjonskart, teikningar eller anna) som viser kva som er gjort, saman med søknad om ferdigattest.