Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteken i kommunetyre 01.06.2023 i sak 54/23. Samfunnsdelen tek stilling til langsiktige målsettingar, mål og strategiar og skal vere eit styringsdokument for sektorane sine planar og verksemder i kommunen. Planen inneheld kommunen sin visjon, hovudmål og strategi innanfor fylgjende område / tema:

  • Vinje – ein god stad å vera for alle
  • Vinje - med naturen som berekraftig ressurs
  • Vinje – kompetansekommunen

Visjon: Vinje utfordrar framtida

• Befolkning og bustadar •  Natur, miljø og friluftsliv • Oppvekst • Helse- og omsorg • Folkehelse • Kultur og frivillighet • Næring og næringsutvikling • Samferdsel • Teknisk infrastruktur • Samfunnstryggleik, beredskap og klimatilpassing

Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023

Kommunestyret vedtok i samsvar med plan- og bygningslovens § 11-15, i møte den 01.09.2011, sak 12/43 Kommuneplanen sin arealdel 2011-2023.

Arealdelen er juridisk bindande for arealbruken i kommunen, og skal leggjast til grunn for handsaming av alle plan- og byggjesaker.

Kommunal planstrategi

I Kommunal planstrategi 2024-2027 vedtok kommunestyret 14.05.2024, sak 99/22 sin strategi for kommunalt planarbeid i valperioden.

Det er gjort prioriteringar av kva planarbeid som skal gjennomførast, og i kva rekkjefylgje dei skal gjerast.