Etablerarprøva

Alle som vil kan ta etablerarprøva. Den som skal vera dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått prøva og vera fylt 18 år. 

Prøva er ei fleirvalsprøve på 90 min, ein må svare rett på 40 av 50 spørsmål. Det er tillete å bruke lovsamling som hjelpemiddel, som me har til utlån. 

Pensum er boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter", den kan kjøpast her. 

Alle som består prøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Beviset er gyldig på ubestemt tid. 

Kunnskapsprøvene

Alle som vil kan ta kunnskapsprøvene. Den som skal vera styrar eller vara på ein stad med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått prøva og ha fylt 20 år. 

Prøva er ei fleirvalsprøve på 60 min, ein må svare rett på 24 av 30 spørsmål. Det er tillete å bruke norsk ordbok som hjelpemiddel, som me har til utlån. 

Pensum for salsløyve: Alkoholloven kapittel 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.

Pensum for skjenkeløyve: Alkoholloven kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel  1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14.

Alle som består prøva får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Beviset er gyldig på ubestemt tid.