Dersom ein du er glad i blir sjuk eller slit med rus eller psykiske utfordringar, kan du bli sittande med mange tankar eller spørsmål. Vinje kommune ynskjer at  alle barn og unge som er pårørende, skal få den støtta og hjelp dei treng.  

Her har me samla  litt informasjon til deg som er ung pårørande. Enten du søkjer nokon å snakke med nær eller fjern frå deg, chatte med eller om du bare søkjer informasjon.  

Nokon å snakke med i kommunen

Du tenkjer kanskje ikkje over det, men det er faktisk mange nær deg som kan hjelpe deg. Alt frå helsesjukepleiar, miljøarbeidar  eller ein  lærar på skulen din til andre fagpersonar i kommunen. Dei kan snakke med deg om det som du tenkjer på eller om det som er vanskeleg. 
Dei kan også hjelpe deg å finne fram til andre som kan hjelpe. 

Skulehelsetensta

Helsestasjon for ungdom

Har nokon av dine nære fått kreft? Då har du sikkert mange spørsmål. Ta kontakt med kreftkoordinator i Vinje kommune som kan hjelpe deg:

Kreftkoordinator i Vinje kommune