Tverrfagleg samarbeid om barn frå 0-18 år.
Barneteamet i Vinje er sett saman av representantar frå helsestasjonen, skulehelsetenesta, psykisk helseteneste for barn og unge, fysioterapi barnehage og skule. Andre fagpersonar kan kallast inn etter behov.

Målsetting

Barneteamet skal gjennom rettleiing hjelpe foreldre til å skape trygge rammer for barns oppvekst og utvikling.

Aktuelle problemstillingar kan vere:

  • Sped- og småbarn utviklar seg i tett samspel med foreldre sine. Tidleg hjelp er god hjelp.
  • Bekymringar i svangerskapet. Nyfødte - kontakt mellom foreldre og barn, fødselsdepresjon, barn som ikkje vil gå i barnehage, barn som strevar sosialt, engstelege barn, åtferd, grensesetting med meir.
  • Barn og ungdom som ikkje vil på skulen, som strevar sosialt, er engstelege, opplever sorg, kriser, familieproblem, psykisk og fysisk sjukdom i familien, trivsel, venskap, mobbing, tristhet, bekymringar, kropp, seksualitet, med meir.
  • Samlivsbrot og vanskelege familiesituasjonar kan vere utfordrande for både vaksne, barn og ungdom og påverkar alle partar. Kva hjelp kan vere nyttig for den enkelte ?

Korleis kontakte Barneteamet

Både føresette og fagpersonar i kommunen kan ta initiativ til å be om tid i barneteamet.
Dersom du ynskjer hjelp, ta kontakt med barnehage, skule, helsestasjon, skulehelseteneste, psykisk helse for barn og unge eller fysioterapeut.

Teieplikt/samtykke

Alle som er med i Barneteamet har teieplikt.