Me ynskjer at nærværstrening skal bli ein integrert del av oppveksten til barn i Vinje. Alle barnehagar, skular og helsesjukepleiarane i kommunen deltek i prosjektet. 

Gjennom systematisk arbeid med livsmeistring og nærværstrening i barnehage og skule ynskjer me at barn:

  • får eit fast pusterom i kvardagen
  • får ein god balanse mellom aktivitet og kvile
  • får styrka sjølvkjensla
  • får auka empati og evne til å forstå andre
  • får evne til å setje sunne grenser og meistre eige liv
  • blir godt rusta til å takle motgang og stress


Dei praktiske øvingane er retta mot barn, med tanke på språk og innhald. Ei øving/aktivitet kan vare i alt frå 2-20 minutt, og vert tilpassa etter kva barna treng og er klare for der og då. Øvingane ber preg av leik, og ein er oppteken av å ha fokus på pust, kropp og hjartet. Det er også viktig med øvingar som styrkar fellesskap og samhald i gruppa, og som aukar samarbeid- og relasjonskompetanse.

 
Døme på tema/øvingar er:

  • Pust
  • Avslapping og avspenning
  • Oppmerksomhet og fokus
  • Massasje
  • Yoga
  • Samarbeid og relasjon
  • Leik 

Prosjektet har eigen facebookside, lenke til sida finn du her

Lik gjerne sida og få med deg kva som skjer i prosjektet.