Bakgrunn

Føremålet med å lage ein strategi for ladeinfrastruktur er å leggje til rette for auka bruk av elbilar og andre type elektriske ladebare kjøretøy og avklare kommunens rolle i dette arbeidet. Behovet for ein strategi for ladeinfrastruktur blir forankra i Klimaplan for Vinje (under arbeid i 2020). Bakanforliggande årsak er behovet for å gjennomføre reduksjonar i lokale utslepp av klimagassar samt at det er eit statleg mål om bare utsleppsfrie kjøretøy i sal frå 2025 og at Vinje ynskjer å vera litt førekant av utviklinga. 

Strategidokumentet beskriv kva Vinje kommune kan leggje til grunn viss ladeinfrastruktur skal etablerast og korleis ein skal fase ut bensin og diesel-bilar og skaffe elbilar.

Regjeringa legg til grunn i Nasjonal transportplan 2018-2029 at nye personbilar og lette varebilar skal vera nullutsleppskjøretøy i 2025. Mobile kjelder utgjer ca. 71% av samla utslepp av klimagassar i Vinje. Vegtrafikken aleine representerer dryge 16.000 tonn CO2-ekv. pr år. Dette utgjer ca. 64% av totale utslepp i Vinje. For Vinje-samfunnet vil elektrifisering av heile bilparken tyde ein utsleppsreduksjon på om lag 6500 tonn CO2-ekv årleg, ifylgje Klimaplan Vinje 2020.

Ladesrategi 1.png
Ladestrategi 2.png

Saka finn du her
Rapporten finn du her