Forfallsdato på kommunale fakturaer
- Kommunen sender ut fakturaer ei gong i månaden (rundt den 20.) med forfall den 20. månaden etter.
- Årlege kommunale avgifter (renovasjon, feiing/tilsyn, vatn og avløp) blir sendt ut månadleg.
Fleksibel fakturering
Me tilbyr og andre terminval. Du kan då velje mellom:
- Faktura 4 gonger i året
- Faktura 2 gonger i året
- Faktura 1 gong i året
- Faktura 12 gonger i året
Kva gjer du om du ynskjer å endre frå månadleg fakturering til eit anna intervall:
Send ein e-post til Tenestetorget her
Skriv kva terminoppsett du ynskjer, namn, telefonnummer, gards- og bruksnummer og adressa avtalen gjeld.
Har du ikkje moglegheit til å sende e-post, kan du ringe oss på telefon 35 06 23 00.
Når blir terminane fakturert:
4 terminar: Februar, mai, august, november
2 terminar: Februar, august
1 termin: Februar
12 terminar: Kvar månad
efaktura
Alle som ynskjer eFaktura frå Vinje kommune må krysse av for «Ja takk til alle» i sin nettbank.
Bedrifter kan då nytte opplysningane den har om deg, som namn, adresse, eventuelt mobilnummer og epostadresse, til å søke opp din unike eFakturaadresse og sende deg eFaktura.
Efaktura gjer at du enkelt får rekningane for kjøp av vare og teneste frå bedrifter, dersom du har takka «Ja takk til alle» på ei betalingsflate som tilbyr eFaktura.
Du mottar eFaktura enten i nettbank, Vipps eller mobilbank og dei må godkjennast eller slettast der.
Me oppmodar alle til å velje eFaktura! Då unngår ein feil ved betaling, og færre papirfakturaer.
eFaktura fungerar ikkje mot organisasjonsnummer, bare personnummer. Bedrifter må nytte EHF faktura.
Papir i postkassa
Du får faktura med post om du ikkje har oppretta Avtalegiro eller eFaktura i nettbanken din.
Innbetaling utan kidnr
Skal du til dømes betale for jakt, fiske eller overnatting i Berunuten, eller til Frisklivet brukar du kontonr. 2717 07 00037, og marker innbetalinga med namn og kva det gjeld. Du kan også bruke Vipps.
Vipps
Hugs å skrive i merknadsfeltet kva betalinga gjeld.
Friskliv sesongkort | 108935 |
---|---|
Friskliv drop in | 122574 |
Symjehall Rauland | 122615 |
Symjehall Åmot | 122614 |
Symjehall Edland | 122621 |
Berunuten fiske | 109950 |
Berunuten hytter | 108933 |
Berunuten parkering | 665722 |
Storviltjakt | 756378 |
Vinjehuset kiosk | 709362 |