Kva søkjar må gjera

  • Du må søkje om klarlegging av eksisterande grenser. Med søknaden legg du eit kart som viser kva for grenser du ynskjer klarlagd.
  • Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar.
     

Søknadsskjema finn du her
Kartskisse kan du skrive ut her
 

  • Om der er skulddelingsforretningar, kart eller annan dokumentasjon som kan ha betydning for klarlegging av eigedomsgrensa, bør desse leggast med søknaden.

Kva gjer kommunen

  • Du og andre aktuelle partar blir varsla om tid og stad for når eigedomsgrensa skal klarleggast (oppmålingsforretning).
  • I oppmålingsforretninga blir eigedomsgrensa påvist/sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
  • Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.

Kostnadar

Oppmålingsgebyr
Vinje kommune sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova.
Klarlegging av eksisterande grense pkt. 1.5 og 1.6
Prisar finn du her