Tømekalender

Renovest har tatt i bruk appen Min Renovasjon. Her kan du enkelt finne ut kva for avfall som blir tømt hos deg og få varsel om når du bør sette fram dunken din. I tillegg kan du søke opp næraste returpunkt og for hytteabbonnentar næraste hyttereturpunkt.

Søk etter Min Renovasjon i App Store eller i Google Play Butikk og last ned appen.

Du finn og renovasjonskalender og køyreplan på heimesida til Renovest

Dunkar og bioposar

Bioposar til husstanden: Knyt ein biopose på dunken eller skriv ein lapp om at du treng bioposar ved neste tøming og renovatøren legg att ein ny rull til deg.
Du kan og oppsøkje avfallsmottaket vårt i åpningstida eller innom Tenestetorget i kommunen.
Det er Renovest som delar ut avfallsdunkar til husstanden.

Renovest arbeider med å få på plass full kjeldesortering for alle hytteabonnentar. Du kan lese meir informasjon om dette på sida til Renovest her.

Hytteabonnentar kan hente bioposar på fylgjande stader: Matkroken Øyfjell, Visit Rauland Austbø, Vierli Kafe, Spar Rauland, Coop Rauland, Esso Edland og Fjellbutikken på Arbuvollen.  

 

Dispensasjonsreglar

Jf. forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall er det mogleg å søkje om dispensasjon frå renovasjonsordninga dersom:

A. Redusert standardabonnement:
1) Miniabonnement – husstand som ikkje har meir enn ein person
2) Heimekompost

B. Det kan søkjast om fritak frå renovasjonsordninga når:
1) eigedomen ikkje er i bruk
2) eigedomen ligg meir enn 2 km frå køyrbar heilårsveg
3) bustadeigedom som er fråflytta seks – 6 månader eller meir og ikkje blir nytta som fritidshusvære, kan etter søknad få tidsavgrensa fritak i to – 2 år.