Vinje kommune har ansvar for at du som er pårørande skal få den støtta du treng til å handtere kvardagen din som pårørande. Me har plikt til å gje deg nok informasjon til at du skal kunne ta vare på rettigheitane som pårørande.
Du som pårørande har alltid rett på generell informasjon og rettleiing når du kontaktar oss.
Dersom den du er pårørande til gjev oss samtykke til å prate med deg, kan me dele meir spesifikk informasjon som gjeld situasjonen til akkurat den du er gla i.
Har du særleg tyngande omsorgsoppgåver, har du rett på meir omfattande hjelp frå kommunen.
Her har me samla informasjon om kommunen sine tilbod for pårørande.
Koordinering- og tildeling
Mottek alle søknadar om kommunale helse-og omsorgstenestar. Me kan også rettleie i samband med søknadsprosessen og gje informasjon om dei ulike teenestene kommunen kan tilby.
Meir informasjon om koordinering og tildelingskontoret finn du her
Tilbod til pårørande til personar med demens
Pårørandeskule, samtalegrupper og individuelle samtaler. Demenskoordinator skal vera eit bindeledd mellom personen med demens, pårørande og hjelpeapparatet.
Meir informasjon om tilbod til pårørande til personar med demens finn du her
Avlastningstilbod
Eit tilbod til enkeltpersonar eller familiar som har tunge omsorgsoppgåver.
Meir informasjon finn du her:
Avlastningstilbod
Dagaktivitetstilbod
Dagtilbod
Kortidsavdeling
For dei som treng ei form for korttidsopphald og oppfylging utan behov for sjukehusinnlegging. Pårørande kan få eit avlastingstilbod for sine om det er behov for ei pause i omsorgsarbeidet heime. Her kan du også få tilbod om dag- eller nattopphald ein periode.
Les meir om kortidsavdelinga her
Kreftkoordinator
Ein kreftkoordinator kan vera med og koordinere og tilrettelegge kvardagen for den kreftsjuke og deira pårørande i alle fasar av sjukdomsforløpet.
Les meir om tilbodet til krefkoordinatoren her
Ruskonsulent
Kan bistå deg som er pårørande til nokon som slit med rus, med samtaler og råd.
Les meir om kva ruskonsulenten sitt tilbod her
Hjelpemiddel og velferdsteknologi
Hjelpemiddel og velferdsteknologi er ikkje tilbod retta direkte mot pårørende, men dei kan likevel innebere avlastning for deg som er pårørende i form av auka tryggleik og gode løysningar i heimen.
Her finn du meir informasjon om dette: