Ved behov for informasjon eller tenester, kan alle som bur og midlertidig oppheld seg i kommunen ta kontakt. 

Ved å fylle ut søknadsskjemaet og sende det til koordinerings- og tildelingskontoret, vil du bli kontakta av ein sakshandsamar som saman med deg finn fram til kva helse- og omsorgsteneste som er rett og naudsynt for deg. På bakgrunn av dette, vil det eventuelt bli skrive eit vedtak. 

Generelt

Koordinering- og tildelingskontoret tek imot meldingar om moglege behov for habilitering og rehabilitering internt i kommunen og i samhandling med spesialisthelsetenesta. Kontoret har oversikt over rehabiliterings- og tenestetilbodet i kommunen og kva kapasiteten til ei kvar tid er.

Når kontoret mottek ein søknad om helse og omsorgstenester, følgjer ein prosess der sakshandsamar kartlegg søkjaren sine behov og ressursar. I samsvar med reglar om sakshandsaming 

I offentleg forvalting og krav til enkelteinskildvedtak, vert det gjeve eit tilbod om individuelt tilpassa og forsvarlege tenester. Tenestene skal arbeide målretta, tenke heilskap og gje god og koordinert oppfølging. Jamlege evalueringar skal bidra til at  tenestemottakaren når sine mål.

Kontoret har direkte kontakt med sjukehus og spesialisthelsetenesta og har ansvar for at utskriving og oppfylging i eigen heim eller institusjon skjer planlagd og samordna og at samhandlinga er god mellom tenesteytarar på tvers av fag, nivå og sektorar.

Den koordinerande eininga har også det overordna ansvaret for Individuell plan og koordinator. Ved behov for langvarige og samansette tenester, er det ein rett å få ein individuell plan, ein koordinator og eit oppfølgingsteam. Kontoret har og eit ansvar for å vurdere om ein søkjar kan ha behov for dette tilbodet og skal sikre at mottakar og pårørande får medverke slik at det som er viktig for den det gjeld står i fokus.

Kontoret har god oversikt over frivillige lag og tilbod og vil syte for at slike bidrag vert vurdert når det kan vere aktuelt.

Nytta av velferdsteknologiske løysingar vil alltid verte vurdert som ein del av det totale tenestetilbodet.

 

Pasientrettar

I den offentlege helseportalen for alle innbyggjarane, Helsenorge, kan du lese meir om dine rettar.

Dersom du er misnøgd med vedtak som er fatta, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommune. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Avgjer kommunen at han ikkje vil gjere noko med saka, blir det òg rekna som eit vedtak som du kan klage på. Har du ikkje fått informasjon om at kommunen ikkje vil gjere noko, gjeld ikkje klagefristen. Du må likevel klage innan rimeleg tid etter at kommunen har avslutta saka.

Ved å fylgje linkane under, finn du informasjon om dine rettar i samband med helse- og omsorgstenestar.

https://helsenorge.no/

https://www.helsedirektoratet.no/

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket du får, kan du klage til kommunen innan tre veker. Dersom kommunen let vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen. Ved å fylgje linkane under, finn du meir informasjon om klagerett.

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1967-02-10/KAPITTEL_6#%C2%A733

https://www.helsetilsynet.no/rettigheter-klagemuligheter/helse--og-omsorgstjenester/kan-jeg-klage-og-hvordan/hvem-har-klagerett/

https://www.fylkesmannen.no/nb/Vergemal/Klagerett/