Stad og vigslar
Kommunestyret har bestemt at dei som kan gjennomføre ein borgarleg vigsel i vår kommune er:
- Ordførar Jon Rikard Kleven
- Varaordførar Tone Edland
- Anders Sandvik
Kommunestyresalen i kommunehuset i Åmot er kommunens vigselsrom.
Andre stadar kan avtalast særskilt med vigslaren.
Godkjenning
For å gifte deg må du få godkjenning frå Folkeregisteret. Skjema og informasjon om prosessen finn du her
Pris
For kommunens eigne innbyggjarar er tilbodet gratis.
For par som ikkje er heimehøyrande i Vinje vil det koste kr 3.500,- på kvardagar og kr 5.000,- på helge- og heilagdagar.
Dersom det er ynskjeleg å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnadar sjølve.