Kva blir forventa av deg?

  • Eit samarbeid med hjelpeapparatet, der du bidreg med det du klarar sjølv og legg til rette for at heimesjukepleia kan hjelpe deg best mogleg.
  • Gjev opplysningar om næraste pårørande, slik at heimesjukepleia kan ta kontakt om nødvendig.
  • Medverkar til at heimesjukepleia har eit forsvarleg arbeidsmiljø med tanke på husdyr, temperatur, røyk, framkomelegheit til heimen din samt bidreg til at dei tilsette ikkje får skader eller unødig slitasje under arbeidet.
  • Ha forståing for at det kan vera naudsynt å fjerne tersklar, møblement, lause tepper og ana som vil gjera det vanskeleg og uforsvarleg for heimesjukepleia å hjelpe deg.
  • At du når det er naudsynt tek i bruk ulike velferdsteknologiske hjelpemidlar og andre opplærings- eller treningtiltak slik som t.d tryggleiksalarm, strømpepåtrekkar og andre småhjelpemiddel. 
  • Dersom behov vurdere saman med sjukepleiar og lege å ta i bruk multidose eller elektroniske medisindispenserar som t.d Pilly eller Karie.
  • At du når det er naudsynt tek i bruk og oppbevarar forbruksmateriell og ergonomiske hjelpemidlar heime hjå deg. Til dømes kladdar, sjukehusseng, personlyftar, toalettstol, etc.
  • At du har flytande såpe, turkepapir og søppelposar tilgjengelig.
  • At du gjev beskjed dersom du skal reise burt eller av andre årsakar ikkje har behov for hjelp.

Kva kan du forvente av oss?

  • Du får naudsynt helsehjelp i heimen ved kort - eller langvarig sjukdom.
  • Når hjelpebehovet ditt er kartlagt får du skriftleg vedtak med informasjon om kva du får hjelp til.
  • Eit godt samarbeid.
  • Du vil få ein primærkontakt. Her finn du informasjon om primærkontakt
  • At me støttar deg i å oppretthalde eller gjenvinne evne til å meistre aktivitetar slik at du kan bu heime så lenge som mogleg.
  • At me overheld vår teieplikt og fylgjer lovverk me er forplikta til.
  • At me har fokus på kva som er viktig for deg.
  • At me melder i frå til deg dersom me vert forhindra i å koma som avtalt.

Kvar søkjer du om tenesta?

Du søkjer om heimesjukepleie. Du beskriv ditt helse – og omsorgsbehov, saman med pårørande eller fastlegen din. 
Her er finn du informasjon om tilbod til pårørande.

Når tildelingskontoret har motteke søknaden blir du kontakta innan 14 dagar, anten med brev eller via telefon. 

Søknad sender du på skjema, link til søknadsskjema finn du her

Tannhelsetilbod

Etter tannhelsetenestelova har eldre, langtidssjuke og uføre som har ei regelmessig og oppsøkjande teneste frå heimesjukepleia, rett til gratis tannbehandling. Det er krav om at tenesta må vera kvar veke og ha vart lengre enn tre månadar. Tilbodet gjeld ikkje deg som kun har heimehjelp. Det er kommunen som er ansvarleg for at tenestemottakerar med ein slik rett blir informert og eventuelt vist vidare til den offentlege tannhelsetenesta.

Dersom du oppfyller krava, har du også rett på taxi til tannlegekontoret ved å betale ein eigendel. Du kan og ta kontakt med tannlækjar/tannpleiar for å undersøkje om du oppfyller krava for å få refusjon.

Feriegjester - midlertidig opphald i kommunen

Dersom du treng hjelp frå heimesjukepleia under ferie eller anna midlertidig opphald, må du ta kontakt med kontor for Koordinering og tildeling av tenester. Feriegjester blir oppmoda om å søkje minimum 14 dagar før planlagt opphald. 

Søknad sender du på skjema, link til søknadsskjema finn du her