Aktivitetsvenn er eit helsefremmande og førebyggande aktivitetstilbod for personar med demenssjukdom.

Med demens kan du fortsatt gjera aktivitetar du likar, når du gjer dei saman med nokon, blir gleda dobbel. Me koblar saman ein frivillig aktivitetsvenn og personen med demens utifrå interesser og kjemi. Den frivillige får opplæring og veiledning. Gjennom tilbodet Aktivitetsvenn får mennesker med demens fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen.

Døme på aktivitetar er mange. Det kan vera:

  • Gå tur
  • Lese bøker\aviser
  • Besøke museum\utstillingar
  • Fiske
  • Gå på kino
  • Ta ein kaffe

Meir informasjon om dette finn du på sidene til nasjonarforeningen.no - Aktivitetsvenn for personar med demens. Link til sida finn du her.