Klaga må vere:

  • signert
  • vise til det vedtaket som klaga gjeld.
  • oppgje den/dei endringane du ynskjer.
  • oppgje grunngjeving for klaga.
  • dersom det er klaga så seint at det er uklart om klaga er sett fram i rett tid/innan 3 veker, må du også oppgje når vedtaket vart motteke.

Klaga blir fyrst handsama av den instans i kommunen som har gjort vedtaket. Overordna klageinstans er Statsforvaltaren. Statsforvaltaren sitt vedtak vil vera endeleg, du kan ikkje klage på dette.

Om du har spørsmål som gjeld klage, ta gjerne kontakt med oss.