Bruken av snøskuterløypene
Ta omsyn til skigåarar og andre personar. Det skal vera redusert fart i nærleiken av hytter, skiløyper, bustader og langs private køyrevegar. Det skal vera full stopp og vikeplikt ved kryssing av skispor og offentlege vegar. Skutersjåførar må ha gyldig løyve, førarkort for snøskuter og skuteren må vera registrert. Køyreløyvet må alltid vera med under køyring. Løypene blir opna etterkvart som dei blir stikka og merkte.
Løypene blir stengde når is- og snøforhold tilseier det, seinast fyrste måndag i mai. Rasting er lov opptil 30 meter rett ut frå traseane, der ikkje forbod er skilta. Det er ikkje tillate å køyre parallelt med løypene. Løypene kan berre nyttast av snøskuter, ikkje ATV med belte eller andre køyretøy. Generell øvre fartsgrense er 70 km/t. Med slede utan passasjer er maksimal fart 60 km/t, og med passasjer maks 40 km/t. All ferdsel skjer på eige ansvar!
Forskrift for løypenett for fritidskøyring med snøskuter, Vinje kommune, Telemark
Alle må vera merksame på at tilhøva på isen og i skredfarleg terreng kan endre seg i løpet av vinteren. Det blir gjort regelmessige kontrollar, men tilhøva kan endre seg oftare enn kontrollane. Nyttige sider for å vurdere tryggleik er:
Klikk her for iskart frå Varsom
Klikk her for snøskredvarsel frå varsom.no
Meld i frå om utrygge område til ein av snøskuterklubbane.
Opne løyper og oversiktskart
Her finn du oversikt over opne løyper for fritidskøyring med snøskuter. For å kunne køyre i løypenettet må ein ha gyldig årsløyve, dagsløyve eller grunneigarløyve.
Snoskuterklubbane melder inn fortløpande etter som dei har preppa og stikka opp løypene.
Lista blir oppdatert kvardagar mellom 08.00-15.30.
Opne løyper sesongen 2022/2023:
Løype 1 Vierli - Haug | STENGT |
---|---|
Løype 2 - frå Steinbakken til Møsvatn og frå Spar til Tverrakvålen | STENGT |
Løype 4 - Krossen - Totak - Raulandsfjell | STENGT |
Løype 4A - Kostveit - Haddland | STENGT |
Løype 5 - Øyfjell - Krossen | STENGT |
Løype 5A - Straume - Drivarbekk | STENGT |
Løype 6 - Songakrysset - Trolldammen | STENGT |
Løype 7A Haddeland - Våmartveit | STENGT |
Løype 7B - Araodden/Moen - VåmartveitSTENGT | STENGT |
Løype 8 - Songakrysset - Araodden/Moen | STENGT |
Løype 8A - Edland - Gravdalen | STENGT |
Løype 9 - Hyllandshylen - Våmartveit - Totak | STENGT |
Løype 9A - Teigland - Ormetveit - Brekka - Stokkeli | STENGT |
Løype 10 - Haukeliheia | STENGT |
Løype 11 Hyllandshylen - Øyfjell | STENGT |
Løype 11A Hylland - Plassane | STENGT |
For oppdatert informasjon utanom kommunens opningstider sjå Facebooksidene til skuterklubbane:
Årsløyve
Dei som vil kjøpe årsløyve må vera godkjent medlem av ein av skuterklubbane i Vinje.
Lenke til facebooksidene deira finn du her:
Lenke til Haukeli Skuterklubb på facebook
Lenke til Møsstrond Snøscooterklubb på facebook
Lenke til Rauland Snokuterklubb på facebook
Klikk her for årsløyve
Det kan gjevast opp til 400 årsløyve til fritidskøyring med snøskuter i løypenettet.
Køyring er tillate mellom klokka 05.00 – 24.00.
Døgnløyve
Døgnløyva gjeld frå den datoen som stend i løyvet frå klokka 05.00 – 24.00.
Klikk her for døgnløyve
Det blir selt inntil 20 løyver på måndag, tysdag, onsdag og torsdag.
Det blir selt inntil 50 løyver på fredag, laurdag og sondag.
Løyve til grunneigar
Ein heimelshavar på kvar eigedom som løypenettet kryssar har rett på inntil fire gratis årsløyve. Desse kan gjevast til familiemedlemmar.
På eigedomar med fleire heimelshavarar må grunneigarane sjølve bli samde om kven som skal ha køyreløyvet. Det er krav til medlemskap i ein av skuterklubbane i Vinje for å få løyvet. Dersom grunneigaren sjølv ikkje ynskjer å stå som løyvehavar, kan løyvet bli utskrive til den som blir gjeven fullmakt av grunneigar.
Turistløyve
Reiselivsbedrifter kan søkje kommunen om turistløyve.
Turistløyve gjev rett til at ein guide kan fylgje opptil 10 skuterar om gongen. Guiden må ha førarkort klasse S, bedrifta må ha løyve frå Statens vegvesen sitt regionskontor for å arrangere gruppeturar med deltakarar som ikkje har førarkort klasse S.
Før alle turane skal alle deltakarane gå gjennom opplæring i bruk av snøskuter og ein sikkerheitsgjennomgang.
Gruppeturar er berre lov langs trasé 1,2 og 6 mellom klokka 09.00 og 19.00.