Informasjon om samordningsplikta til den kommunale styresmakta står i plan- og bygningslova §21-5 og byggesaksforskrifta SAK10 § 6-2.

Dersom eit tiltak må ha løyve eller samtykke frå anna styresmakt, eller når planar skal leggjast fram for slik styresmakt, kan eller må kommunen vente med å avgjere saka inntil slik avgjersle/samtykke føreligg. Med andre ord så stoppar tidsfrist for sakshandsaming i den tida.

Søkjar/tiltakshavar kan velgje å innhente slik uttale/samtykkje sjølv i forkant av byggjesøknad. Der eit tiltak i utgangspunktet ville ha vore unnateke for søknadsplikt, er tiltakshavar sjølv ansvarleg for å skaffe slikt samtykke/vedtak for at unnataket skal vera gjeldande.

Samordningsplikta til kommunen omfattar styresmakter innan fylgjande område:

  • Helse
  • Brannvern
  • Arbeidsmiljø (Arbeidstilsynet)
  • Veg (Statens vegvesen)
  • Hamn
  • Forureining
  • Sivilforsvaret
  • Jordlov (Fylkesmannen)
  • Friluft
  • Kulturminne (Telemark fylkeskommune, kulturminnevern)
  • Reindrifts
  • Kyrkje
  • Luftfart
  • Bergverk
  • Jernbane (Bane NOR)

Handsamingstida vil normalt vera lenger for saker som er avhengig av samtykke/vedtak frå anna styresmakt. Det kan koma eige gebyr for samtykke/vedtak frå aktuell styresmakt.

Om du har spørsmål kring dette så  ta gjerne kontakt med oss.