Kols/Astma-koordinator tilbyr:
- Årskontroll i samarbeid med lege, her kjem eigne takstar.
- Kontrollar etter tilvising frå fastlege.
- Rettleiing om tenester som kommunen tilbyr.
- Rettleiing om tenester som spesialisthelsetenesta tilbyr.
- Rettleiing i forhold til inhalasjonsteknikk og medisinar.
- Individuelle samtaler i forhold til røykeslutt.
- Samtaler i forhold til å leve med kols, gjerne saman med pårørande.
- Vidareformidling til lågterskeltilbod i psykisk helse viss behov.
- Vidareformidling til koordinering- og tildelingskontoret ved behov for individuell plan eller andre tenester.
- Vidareformidling til fysioterapeut ved behov for kols-meistringskurs eller trening/behandling.
- Vidareformidling til ergoterapeut for opplæring i energisparande arbeid eller tilrettelegging i heimen.
- Vidareformidling til kols/astma-kontaktar i heimetenesta og på sjukeheimen.
Primærhelseteam
Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide saman for å gi god oppfølging til innbyggarane på fastlegen si liste.
Kjernen i teamet består av fastlegen saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet jobbar ut frå pasienten sine behov og samordnar dei helse- og sosialtenestene som pasienten treng.