Me ynskjer at nærværstrening skal bli ein integrert del av oppveksten til barn i Vinje. Alle barnehagane i kommunen deltek i prosjektet, der 4-5 åringane skal ha systematisk nærværstrening og dei tilsette skal få kompetanse til å drive med nærværstrening. Me ynskjer også å føre dette vidare til skulen.

Gjennom systematisk nærværstrening i barnehage og skule ynskjer me at barn:

  • får eit fast pusterom i kvardagen
  • får roe ned og kvile
  • får styrka sjølvkjensla
  • får auka empati og evne til å forstå andre
  • får evne til å setje sunne grenser og meistre eige liv
  • blir godt rusta til å takle motgang og stress

Dei praktiske øvingane er retta mot barn, med tanke på språk og innhald. Ei økt kan vare i alt frå 5-20 minutt, og vert tilpassa etter kva barna treng og er klare for der og då. Øvingane ber preg av leik og fantasi, og ein er oppteken av å ha fokus på pust, kropp og hjartet.

Døme på øvingar er:

  • Spagettitesten
  • Pusteheisen
  • Fantasireise i kroppen
  • Roleg og merksam som ein frosk
  • Vennleg berøring (massasje)
  • Barneyoga:
  • Pusteøvingar: ballong og kaninpust
  • Yogaeventyr med pustetoget

Prosjektet har eigen facebookside, sida finn du her. Lik sida og få med deg kva som skjer i prosjektet.