Vinje kommune har ei eiga bustadtilpasningsgruppe med ergoterapeut, byggingeniør og bustadkonsulent, som har ansvar for startlån og tilskot i kommunen.
Denne gruppa tar heimebesøk etter førespurnad frå helsepersonell eller pårørande til den det gjeld. Gruppa kan gje råd og rettleiing og hjelper til i prosessen, om det er mogleg å tilrettelegge bustaden.

Tilskotsordninga bidreg til at personar som har behov får tilpassa bustad, får gjort dei nødvendige tilpassingar, slik at dei fortsatt kan bu heime, med nedsett funksjonsevne.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med:
Bustadkonsulent Ann-Kristin Egge på telefon 91 39 90 02 eller e-post:
ann.kristin.egge@vinje.kommune.no