Synskontaktane/synskoordinatorane i Vinje kommune er ergoterapeutane Elisabeth Tveiten Øya og Johanne Liebig-Larsen. Me kan hjelpe til med synshjelpemiddel og tilrettelegge kvardagslivet ut i frå synsfunksjonen. 

Sjølve synsvurderinga blir ikkje utført i kommunen, dette må skje hjå ein optiker eller i spesialisthelsetenesta. 

Synskontakten/synskoordinatoren sine arbeidsoppgåver: 

  • Kartlegge behovet for synshjelpemiddel 
  • Innhente nødvendig synsdokumentasjon frå optikar/augelege 
  • Søke synshjelpemiddel gjennom Nav Hjelpemiddelsentral 
  • Opplæring av synshjelpemiddel 
  • Enkle reparasjonar på synshjelpemiddel 
  • Kontakte synsrådgjevar på Nav Hjelpemiddelsentral