Kommunen kan gje startlån til barnefamiliar, eldre, personar med nedsatt funksjonsevne eller andre som bur i ein ueigna bustad og vil kjøpe bustad eller utbetre/tilpasse bustaden sin.

  • Startlån kan bli gjeve til refinansiering dersom du står i fare for å miste bustaden.
  • Om du får lån til bustad i privat bank, kan du ikkje få startlån. Er du ung i etableringsfasen, eller i ein situasjon som du kan spare, får du heller ikkje startlån.
  • Barnefamiliar som bur i ein ueigna bustad og som treng ein stabil bustad raskt, er unnateke frå kravet om å spare.

Kommunen kan velje å gje deg startlån til å kjøpe, bygge, utbetre eller tilpasse bustad dersom det vurderast som den einaste løysinga for at du skal kunne fortsette å arbeide i kommunen, eller at du skal velje å ta ein jobb i kommunen.

Meir informasjon finn du på sidene til husbanken