Reglar for kommunalt tilskot til landbruksføremål
Vedteke i kommunestyret den 14.2.2013, revidert 3.6.2015, 20.3.2019, 26.1.2022.
Generelle krav
- Eigar eller brukar av landbruks – eller utmarkseigedom i Vinje kan søkje om tilskot etter dette regelverket – også fellestiltak. Det er krav om tiårig skriftleg leigeavtale der tiltaket skjer på leigd grunn.
- Større investeringssøknader skal godkjennast på førehand. Kommunen tek atterhald om ledige midlar
- Det er krav til minst ti års drift etter sluttgodkjenning av tiltaket på eigedomen. Det skal vere drift i tråd med til dømes driftsplan – dette gjeld uavhengig av eigarskifte. Blir drifta avvikla innan ti år kan kommune krevje at tilskotet blir betalt tilbake, med 10 % nedtrapping for kvart år.
- Det er søkjer sitt ansvar at tiltaket er i tråd med gjeldane lover og reglar.
- Klagefrist for vedtak etter regelverket er tre veker. Klageinstans er kommunal klagenemnd.
Sakshandsaming
- Søknader skal vere skriftlege. Kommunen set krav til søknader og dokumentasjon, jf. søknadsskjema. Søknader blir handsama fort¬løpande, og kan knyttes opp mot ev. søknad til Innovasjon Norge.
- I medhald av delegasjonsreglementet gjev plan- og miljøutvalet rådmannen mynde til å gjere vedtak i kurante saker etter regelverket. Dette gjeld og for andre søknader med løyving under kr 10 000,-.
- Sakshandsamar skriv vedtak, fastsett arbeidsfrist og vilkår som gjeld for tilskotet.
- Kommunen kan krevje dokumentasjon av kostnader, og kan krevje synfaring ved sluttgodkjenning
- Det kan søkjast om utsett arbeidsfrist, men ikkje meir enn totalt fem år. Kommunen kan utan varsel trekke inn løyvingar som ikkje er nytta innan fastsett arbeidsfrist.
- Søkjer kan få delutbetalingar undervegs i tråd med framdrift av tiltaket. Minst 10% av tilskotet skal haldast tilbake til sluttgodkjenning
- For større investeringssøknader skal søkjer gje ei skriftleg aksept av tilbodet.
Satsingsområde
Driftsbygning for sau, geit og storfe. Nybygg, ombygging, eller oppgradering etter offentlege krav, samt stølsfjøs inklusive veg, vatn og straum. Også solcelleanlegg for landbruksdrifta | Inntil 20 % av kostnad - maks kr 600 000,- |
---|---|
Kjøp av privat eller statleg mjølkekvote for ku og geit | Inntil 100 % av statleg pris. Tillegg kr 1,0 for kvote internt i Vinje kommune. |
Grøfting av dyrka mark – gjeld for lukka drensgrøft | Kr 60,- pr. meter grøft |
Oppgradering av dyrka mark – utover ordinær fornying av eng | Kr 1 500,- pr da |
Vatningsanlegg – faste installasjonar | Inntil 20 % av kostnad maks kr 100 000,- |
Elektronisk overvaking av beitedyr – digitale bjøller, gjeld ikkje abonnement | Inntil 30 % av kostnad |
Skogbruk – tilskot til motormanuell hogst. Dokumentert kvanta – virke for sal | Kr 100,- pr m3 for tømmer Kr 50,- pr. m3 for ved |
Skiping av grunneigar- eller utmarkslag | Kr 5 000,- |
Tilleggs- eller bygdenæringar på gardsbruk med utgangspunkt i eigedomen sine ressursar. Investerings – og etablerkostnader. Gjeld ikkje utleigehytter | Inntil 20 % av kostnad – maks kr 100 000,- |
Grovfôrtilskot til veglause bruk på Møsstrond – for dei som mottek produksjonstilskot i jordbruket | Kr 100,- pr. da |
Godkjent nydyrking til fulldyrka areal | Kr 5 000,- pr. da – maks kr 500 000,- over tre år. |
Grunnlag for tilskot er eks. meirverdiavgift.
Unntak frå reglane
- Fellestiltak som til dømes fellesstøl, samdrift kan støttast med tilskot inntil 20 %, maks kr 900 000,-
- Det kan gjevast tilskot til driftsbygning for andre husdyr enn nemnt over
- Plan- og miljøutvalet gjer vedtak i saker som gjeld unntak frå regelverket