Du kan få hjelp til å:

  • finne ut korleis du kan redusere utgiftene
  • vurdere moglegheiter for å auke inntektene
  • sette opp eit realistisk budsjett
  • få oversikt over rettigheiter og plikter i ein gjeldssituasjon
  • forhandle og gjere avtale med kreditorane
  • skrive søknad om gjeldsordning
  • kontakte namsmannen i utleggssaker  

For å få best mogeleg oversikt over økonomien din og gje deg gode råd, treng vi dokumentasjon.

Til fyrste møtet tek du med deg:

  • lønsslipp og trygdeytingar dei tre siste månadene
  • sjølvmelding og skatteoppgjer
  • kopi av husleigekontrakt eller betalingsoversikt på bustadlån
  • kopi av krav om faste utgifter som forsikringar, straum, barnehage, SFO osb.
  • kopiar av ubetalte rekningar, krav frå inkassobyrå, gjeld, lån og kredittgjeld
  • utleggsbegjæring frå namsmannen, eventuelt innkalling til forliksrådet