Kva søkjar må gjera

  • Fyll ut søknad på eige skjema. Skjema for samanslåing finn du lenger ned på sida.
  • Søknaden må vera underskriven av heimelshavar/eigar.
  • Legg med eit kart som viser kva for eigedomar samanslåinga gjeld – kart kan du finne her

Vilkår for samanslåing:​

  • Eigedomane må ligge i same kommune.
  • Eigedomane må ha same heimelshavar.
  • Samanslåinga må ikkje føre til prioritetskollisjon mellom eventuelle panthavarar.

Kva gjer kommunen

  • Om alle vilkår for samanslåing er stetta, sender kommunen krav om samanslåing til tinglysing.
  • ​Kommunen kan skrive ut matrikkelbrev over eigedomen som finst i Matrikkelen etter samanslåinga.

Kostnadar

Det kostar ikkje noko å slå saman eigedomar.

Ynskjer du matrikkelbrev, må du betale for dette – sjå kommunen sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova punkt 1.11 - her