Når treng ein serveringsløyve?

Alle stadar som vil gjera seg næring av å servere mat og/eller drikke må ha serveringsløyve gjeve av kommunen. 
Serveringsløyvet blir gjeve til den som har det økonomiske ansvaret for drifta av serveringsstaden.
Ein treng også serveringsløyve dersom ein ynskjer fast skjenkeløyve. 

Korleis få serveringsløyve?

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema.
Lenke til søknadsskjema finn du her

I søknaden må ein gje opplysningar om staden, eigarforhold, kven som skal vera dagleg leiar og i enkelte tilfeller planteikning over serveringsarealet. 
Dagleg leiar skal ha det reelle ansvaret for den daglege drifta, denne må vera myndig og ha bestått etablerarprøva.
Kopi av bestått prøve må ligge vedlagt søknaden. 
Løyvehavar, dagleg leiar og eventuelt andre med vesentleg innflytelse på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel. 

Handsaming

Søknadar blir handsama administrativt. 
Søknadane blir sendt til politiet, sosialtenesta og skatteetaten for uttale.
Det kan ta opp til 3 veker før me får uttale av desse etatane.

Endringar ved serveringsstaden

Løyvehavar pliktar å melde ifrå til kommunen dersom det er skifte av dagleg leiar og dersom serveringsstaden blir avvikla eller liknande.