Tilbod til pårørande

Koordinering- og tildelingskontoret i Vinje kommune kan hjelpe deg når du treng generell rettleiing, søknader på tenester, klagerett eller treng å vita kontaktinformasjon til den avdelinga som gjev tenester til den du er pårørande til.

Telefon til Koordinering- og tildelingskontoret: 35 06 25 54.

Her finn du meir informasjon om hjelpetilbod:

 

Pårørande sine rettar

På Helsenorge sine sider finn du god informasjon på rettane dine som pårørande. 

Link til sida pårørandes rettigheter - Helenorge, finn du her
 

Kontakt og tilbakemelding - Primærkontakt

Dersom den du er pårørande til får hjelp frå kommunen, og du ynskjer ei samtale, eller har spørsmål, så er du velkomen til å ta kontakt med oss. Ta kontakt med avdelinga der den du er pårørande til får hjelp. Avdelinga har eit spesielt ansvar for å ivareta deg som pårørande. Du kan snakke med alle tilsette i avdelinga, men du kan også be om å få snakke med avdelingsleiar eller primærkontakten til den du er pårørande til. 

Primærkontakt

Ein primærkontakt har eit ekstra ansvar for å fylgje opp den du er pårørande til, og for å ha dialog med deg som er oppført som nærmaste pårørande. Primærkontakten har også ansvar for å sikre at born og unge under 18 år som er pårørande blir fylgt opp.
Dersom du er usikker på kven som er primærkontakt, kan du spørje leiar for avdelinga. Dersom den du er pårørande til mottek hjelp frå fleire tenester, er det primærkontakten i den tenesta som blir nytta mest, du skal forhalde deg til.

Vinje kommune har tatt i bruk den nasjonale spørjeundersøkinga Ivaretatt. Det er ei elektronisk undersøking som gjeng føre seg kvart år mellom 1. desember og 31. mars.

 

Slik kan du klage

Du kan klage  dersom du som pårørande har hatt ei negativ oppleving med kommunen, og ynskjer å gje ei tilbakemelding om dette.

Kva kan eg klage på

Du kan klage på

  • At du ikkje har fått tilbod om teneste du har søkt om
  • Tilhøve ved tenestene som du ikkje er nøgd med
  • sakshandsaminga
  • andre kritikkverdige tilhøve

Korleis klagar eg

Klaga sender du skriftleg til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller sender på e-post til edialog.no.
Dersom du har søkt om tenester frå kommunen, får du eit vedtaksbrev med svar. Her får du også informasjon om korleis du kan klage på vedtaket.

Kva skjer etter at eg har klaga 

Dersom me ikkje endrar vedtaket, så blir klaga sendt vidare til statsforvaltaren.

Tilbod til etterlatte

Dersom du opplever dødsfall i famileien er det fleire som kan hjelpe deg i å bearbeide sorga.
Kommunen tilbyr hjelp til born gjennom helsestasjonen og skulehelsetenesta.
Kommunen tilbyr hjelp for vaksne og familiar gjennom fastlege og psykososialt kriseteam.

Informasjon til Vinje legekontor
Informasjon til psykososialt kriseteam

Nyttige lenker

Avlastningstiltak - Helsenorge.no - Støtte og avlastning til pårørande med store oppgåver.

Helsenorges temaside om pårørande - den nasjonale pårørandesida. Her finn du god og oppdatert informasjon blant anna om dine rettigheiter som pårørande.

Pårørandesenterets heimeside - Nettstad for pårørande i Noreg med gode råd, ressursar og informasjon om lokale tilbud for pårørande.

Nasjonalforeningen for folkehelse - konkrete råd og tips til pårørande av menneskje med demens.

Aldring og helse - nasjonal kompetanseteneste som delar fagkunnskap og informasjon innan demens, alderspsykiatri, funksjonshemming og utviklingshemming

Oversikt over brukerorganisasjoner – Profesjon, etikk og bærekraft - Oversikt over interesseorganisasjonar for ulike brukergrupper, inkludert pårørandeorganisasjonar 

Link til "Snakketøyet" fra Barns beste - nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande - råd og tips for å snakke med barn som er pårørande.