Skogfond

Som skogeigar har du plikt til å setje av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetjing slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsette, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unnatak av utbetaling som skal gå til å dekkje meirverdiavgift.

Skogfond fygjer eigedomen og skal nyttast der av skogeigar. Ved avverking vel skogeigar ein fondssats mellom 4 og 40% av brutto tøøerverdi.
Skogfondsordninga blir administrert av av skaogansvarleg i kommunen.

Meir informasjon om dette finn du her

Landbruksvegar

  • Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

    Meir informasjon om dette finn du her

Hogst i vernskog

Vernskogen i Vinje ligg opp mot fjellet - så høgt at det er vanskeleg med forynging. Skogen har så liten tilvekst at den kan verte øydelagt ved feilaktig hogst.

Føremålet med vernskog er at den tener som vern for anna skog og virke, og som vern mot naturskader som jordskred, steinsprang eller flaum.

Det er Fylkesmannen som har vedteke grensene for vernskog og korleis skjøtsel av desse områda skal utførast.

Ved hogst i vernskog er det viktig at skogen får ha eit samanhengande skogbilde over tid. 

Det skal difor ikkje hoggast store flater i slike områder – regelen er at ein skal la om lag halvparten av skogen vere att ved hogst.

Det som er karakteristisk ved skogen skal ein la stå att.

All hogst i vernskog, med unnatak av uttak til eige bruk, skal meldast til kommunen seinast 3 veker før avvirkning. Klikk her for meldeskjema

Vernskoggrensa for din eigedom finn du i Skog- og miljøplanen ev. kan de ta kontakt med kommunen.

Generelt for Vinje ligg vernskoggrensa ein stad mellom 780 – og 840 moh.

Forskrift om vernskog, Telemark finn du her