Høyrselskontakten sine oppgåver:
- Bestille time til audiograf
- Generell bruk og stell av høyreapparat
- Søking av tekniske hjelpemiddel via NAV
- Nytt høyreapparat for tidlegare brukerar
- Sender inn høyreapparat til reparasjon
- Moglegheit for akutt tolkehjelp via Nav
Sjukehuset Telemark, Høyresentralen og Vest Telemark kommunane starta i februar 2013 med ei permanent ordning med ambulerande audiograf ein dag i månaden. Tilbodet gjeld innbyggjarar i kommunen med nedsett funksjon av ulike årsakar. Audiografen held til på Helsesenteret i Åmot.
Audiografen sine oppgåver:
- Generell bruk og stell av høyreapparat
- Audiogram, avtrykk til propp samt tilpassing og oppfylging av høyreapparat
- Nytt høyreapparat for tidlegare brukerar
Eigenandel etter Sjukehuset Telemark sine takstar for brukerar som ikkje har frikort eller bur på institusjon.
Dersom du ikkje har høyreapparat frå før:
- Kontakt legekontor for bestilling av legetime for å sjekke høyrsel/ om du har øyrevoks, VIKTIG at du møter med reine øyrer så sparar både du og audiografen tid.
- Fastlegen rekvirerar time hjå audiograf