Dokument
Plan for klima og berekraft - Vinje kommune 
Plan for klima og berekraft - Handlingsplan - Vinje kommune 

Det er 10 underordna målsetjingar

Målsetjing 1 Kommunen er ein føregangsverksemd i grøn omstilling
Målsetjing 2 At mest mogleg av energien i kommunen er fornybar og ikkje ureinande
Målsetjing 3 All auking i transport skjer med sykling, gåing og kollektiv transport eller bruk av transportmidlar som går på fornybar og rein energi
Målsetjing 4 Ha berekraftig landbruk, skogbruk og utmark med fokus på reduksjon av CO2 og klimatilpassing
Målsetjing 5 Gjere det effektivt, økonomisk og berekraftig for næring, landbruk og privatpersonar å velje klimavenlege alternativ
Målsetjing 6 Bli så nær ein klarar eit nullavfallssamfunn innan 2050 og innordne kommunen etter FNs mål om avfallshandtering
Målsetjing 7 Føre eit klimarekneskap og eit klimabudsjett som årleg rullerast i forkant av budsjettforhandlingane
Målsetjing 8 Opplyse og informere innbyggjarane i kommunen
Målsetjing 9 Klimatilpasse kommunen
Målsetjing 10 Klimavennleg arealforvaltning

Noreg har plikta seg til å kutte klimagassutslepp med 50 % innan 2030 samanlikna med 1990. Vidare har Fylkestinget for Vestfold og Telemark vedteke å redusere klimagassutslepp med 60 % innan 2030 samanlikna med 2009. For å nå detta målet, er det viktig at alle sektorar, både nasjonalt, regionalt og lokalt, bidreg. Kommunen har ein sentral rolle i dette arbeidet, av dei nasjonale utsleppa er omtrent 20 % knytt til kommunal verksemd. Kommunen har ein viktig rolle som politisk aktør og lokal samfunnsutviklar, myndigheitsutøvar, innkaupar og anskaffar, samt eigar og drift av eigne anlegg. Vidare er det også viktig at kommunen tilpassar seg eit endra klima og etablerar gode strategiar og planar som tek høgde for dette.

Det vil sei at Vinje kommune

  • kuttar sine eigne CO2-utslepp i tråd med målsetjinga
  • reduserar klimaavtrykket i kommunens verksemd
  • har fokus på fornybar energi i kommunen
  • har god ladestrategi og investering i ladestasjonar og el-biler i kommunal verksemd
  • har eit berekraftig og klimavenleg landbruk og skogbruk
  • handlar lokalt når det er mogleg
  • legge til rette for at landbruket skal bli mest mogleg karbonnøytralt, med fokus på fornybare energi som solenergi eller vasskraft til å oppvarming av fjøs og driftsbygningar
  • forvaltar og ivaretar viktig økosystem og økosystemtenestar som reduserar utlepp og bidreg til klimatilpassing (t.d. myr, våtmark og skog)
  • blir ein Miljøfyrtårnkommune
  • drive energieffektivt vedlikehald og oppussing av eksisterande bygningar
  • syter for at nye bygg i hovudsak er i tre, eller nyttar mest mogeleg klimavennlege alternativ