Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Minner om søknadsfrist 1. juni til spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL-tilskot.
Formålet med tilskotsordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiar i jordbrukets kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift.
Den som eig eller leiger ein landbrukseigedom der det går føre seg jordbruksproduksjon med tilskotsrett, kan søkje tilskot. Den som leiger, må ha godkjenning frå eigaren. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.
- Tiltak som tar vare på gamal kulturmark, og legg til rette for oppleving i kultur¬landskapet – typisk rydding og inngjerding av attgrodd innmark for beitedyr.
- Tiltak som tar vare verneverdige kulturminne knytt til jordbrukslandskapet – freda bygningar er ikkje lenger godkjent for tilskot.
- Turstiar i jordbrukslandskapet – etablering
- Miljøtiltak: Tiltak som reduserer ureining frå jordbruket til jord, luft og vatn – overbygg eksisterande gjødsellager
Det er berre elektronisk søknadsskjema.
Normal tilskotssats i Vinje ligg på 20-50 % av kostnadsoverslaget avhengig av kor mange saker me får.
Dersom du har spørsmål eller eit prosjekt du vil søke tilskot til, kan du ta kontakt med Jordbruksrådgjevar Thor Christiansen,
Telefon 35 06 23 89 eller send e-post her
- Tilskot til verneverdige kulturminner – Vestfold og Telemark fylkeskommune. Link til sida her.
- Tilskot til kulturminner – Kulturminnefondet. Link til sida her
Vest-Telemark museum ved bygningsvernrådgjevar Trond Arild Pedersen tilbyr fylgjande i samband med ivaretaking og restaurering av eldre og bevaringsverdige bygg:
- Enkel synfaring med rådgjeving. Praktiske gjeremål og tekniske løysingar
- Synfaring med utarbeiding av tilstandsvurdering og fotodokumentasjon, og råd til søknad om økonomisk stønad
- Alt innan rammene av eit gratis dagsverk.
- Kontaktinfo: telefon 46 88 61 38 eller e-post: tap@vtm.no.
Nydyrking
Dersom du ynskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søkje kommunen om godkjenning. Som nydyrking reknar ein fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege unytta i over 30 år.
Meir informasjon og skjema finn du her
Driveplikt og leige
Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Etter jordlova § 8 har eigarar av eigedom med jordbruksareal driveplikt i hele eigartida.
Buplikt
Lovbestemt buplikt er for nær slekt eller odelsberettiga som overtar landbrukseigedom. Buplikt kan også setjast som vilkår i konsesjonssak. For små eigedomar kan buplikt vere betinga for konsesjonsfridom i ein kommune med forskrift om nedsett konsesjonsgrense (nullgrense). Vinje kommune har nedsett konsesjonsgrense.
Regionalt miljøprogram (RMP)
Kart som syner kva for verdifulle jordbruksareal i Vinje der det blir gjeve tilskot til beiting og slått:
Arabygdi V
Arabygdi Ø
Austbø
Bøgrend
Edland
Grungedal
Haddland
Haukeli
Hylland
Mannås
Mannås 2
Nesland Rauland
Nesland Vinje
Raulandsgrend
Smørklepp
Vehus
Vinje
Vå
Vågslid
Øverland
Øygarden
Åbø