Du må melde deg på innan kl. 21.00 dagen før, til Øvre Vinje Taxi, telefon 99 27 87 57.

Ved skulefri/feriar køyrer Bratland Buss på bestilling frå Haukeli/Edland til Åmot, telefon 91 52 08 95.

Treng du ekstra service, må du melde frå om dette ved påmeldinga. Gje beskjed om du skal ha med rullator eller rullestol. 
Ynskjer du å bli henta heime og køyrt tilbake til heimen, må du sei ifrå om dette ved påmeldinga. 
Ved påmeldinga får du beskjed om tidspunkt for avgang/henting.

Prisen er kr 35 kvar veg.

Flexirutene køyrer heile året, men ikkje på heilagdagar. 
Bagasje og anna utstyr kan takast med så langt bilen har kapasitet. Dersom bilen ikkje har plass til alle påmeldte, køyrer transportøren ein ekstratur. Dei som melder seg på etter fristen, som er dagen før kl. 21.00, kan bli med om det er plass, men det vert ikkje køyrt ekstra-tur.

Alle Flexi- og skuleruter tek med ordinære reisande.