Kva søkjar må gjera

  • Søknad om deling på fastsett skjema sendast til kommunen med heimelshavar/grunneigar si underskrift. 
  • Legg ei kartskisse med søknaden som viser arealet som skal frådelast. Kartskisse kan du hente her
  • I enkelte høve må naboar varslast ved søknad om deling. Kommunen kan hjelpe deg med ei vurdering av dette, kven som eventuelt må varslast og skjema for nabovarsel som du og finn her

 

 

Kva gjer kommunen

  • Søknaden din vert handsama i kommunen.
  • Blir søknaden din av ein eller annan grunn avslegen, blir du varsla om dette.
  • Om søknaden din blir godkjend, vil du og andre aktuelle partar bli varsla om tid og stad for når frådelinga skal gjennomførast (oppmålingsforretning).
  • I oppmålingsforretninga vert nye eigedomsgrenser sett ut, merkt med offentleg godkjende grensemerke, målt inn etter gjeldande reglar og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
  • Matrikkelbrev som inneheld oppdaterte opplysningar om din eigedom sender me til deg.

Kostnader

Oppmålingsgebyr
Vinje kommune sitt gebyrregulativ for arbeid etter Matrikkellova: Oppretting av matrikkeleining pkt. 1.1
Prisar finn du her

Eventuelle andre kostnader
Handsaming av søknad om deling etter Plan- og bygningslova
Prisar finn du her

Det frådelte arealet vert oppretta som ny eigedom med eige gnr/bnr i grunnboka (tinglyst) og ført inn i Matrikkelen/eigedomsregisteret.
Tinglysingsebyr finn du her